23948sdkhjf

Har sjekka norsk fiskefôr for uønskte stoff

I den årlege overvakinga av norsk fiskefôr fann forskarane ingen uønskte stoff over grenseverdiane. Nokre funn vil dei sjå nærmare på.
Kvart år analyserer Havforskingsinstituttet norsk laksefôr og fôringrediensar på vegner av Mattilsynet. I 2017 har forskarane sjekka nivåa av uønskte stoff i 72 fôrtypar. I tillegg har dei undersøkt ingrediensar som inngår i fôret, som fiskemjøl, proteinkonsentrat og oljer, skriv dei i ein pressemelding.

- Årets rapport viser ingen overskridingar av øvre grenseverdiar for tungmetall og organiske miljøgifter. Ingen av prøvene inneheldt farlege bakteriar, som Salmonella, fortel ansvarleg forskar Veronika Sele, ifølge Havforskningsinstituttet.

Våtare klima gjer forskarane obs på muggsopp
Forskarane ser etter stadig nye stoff i fôrprøvene. Nye typar mykotoksin, eller muggsoppgift, kom med i overvakinga for første gong i fjor.

- Laksefôr inneheld fleire plantebaserte ingrediensar no enn tidlegare. Med eit fuktigare klima ventar vi at muggsopp i større grad kan bli danna for eksempel i korn, seier Sele.

Forskarane registrerte mykotoksinet enniatin i fleire av dei analyserte fôrprøvane. Det er i dag ingen grenseverdiar for mykotoksin i regelverket.

- Vi treng meir kunnskap om konsentrasjonane og effektar av mykotoksin i fôr. Med pengar frå Forskningsrådet har HI no starta eit prosjekt for nettopp dette, seier forskaren.

Fann uønskt organisk stoff i eitt fôr
Av uønskte organiske stoff fann forskarane PAH i eitt fôr og éi rapsolje. PAH er biprodukt som blir danna ved bruk av varme for å tørke og riste korn i fôrproduksjonen. Plantebaserte ingrediensar inneheld derfor gjerne høgare nivå av desse stoffa enn ingrediensar frå havet.

Det er ikkje sett øvre grenseverdiar for PAH i fôr. Men også om desse stoffa, vil forskarane samle meir kunnskap. Funnet er rapportert til Mattilsynet.

For første gong blei prøvene også analysert for industrielt framstilte organiske stoff (PFAS). Ingen prøvar inneheldt dette.
For mykje mineral?

Fleire fôrtypar inneheldt meir selen, sink, molybden og vitamin D enn kva som er tillate å tilsette.

- Dette er mineral og vitamin som også finst naturleg i fôringrediansene. På same tid finn vi stoffa i mineralblandingane som blir tilsett fôret. Analysane våre kan ikkje skilje mellom kva som er tilsett og kva som er naturleg i sluttproduktet, fortel Sele.
Kommenter artikkelen (1)
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.078