23948sdkhjf

Kjøper skip - treng meir folk

Golden Energy Offshore Services kjøper to skip frå verft i Kina. No lyser dei ut rundt 20 jobbar.
Kjøpet doblar flåten til det børsnoterte selskapet frå to til fire skip, og selskapet varslar at det kan bli fleire kjøp.

- Dette steget er det første av mange steg for å sikre kvalitetstonnasje for å skape større verdiar for aksjonærane i selskapet. Eg ventar at dette vil auke interessa for aksjen hos investorar, seier administrerande direktør Per Ivar Fagervoll i Golden Energy Offshore Services i ei børsmelding.

17,5 millionar dollar
Dei to skipa blir kjøpt frå verftet Nantong Rainbow Offshore & Engineering Equipments Co., Ltd i Kina. Golden Energy har frist ut året til å få finansieringa på plass, men målet er å kunne overta skipa før.

Prisen er 17,5 millionar dollar, cirka 145 millionar kroner, for kvart av dei to 83 meter lange fartya, som er såkalla multipurpose plattform supply vessels. Det betyr forsyningskip som også kan utføre lett konstruksjonsarbeid. Fartya kan og utrustast - til ein "lav kostnad" - til å kunne utføre inspeksjon, vedlikehald og reparasjonsoppdrag, i følgje børsmeldinga.

Golden Energy Offshore Services treng ikkje betale meir enn 60 prosent av kjøpesummen med ein gang. Verftet gir kreditt på 40 prosent av kjøpesummen i to år.

Hentar inn meir kapital
Selskapet har fått støtte til ein emisjon frå eigarane av "ein substansiell andel" av selskapet, i følgje børsmeldinga.

Planen er å hente inn meir eigenkapital for å finansiere kjøpet. Den endlege finansieringsstrukturen er ikkje fastsett.

Arctic Securities og Fearnley Securities skal hjelpe til med å reise kapital.

Børsnotert etter refinansiering
Golden Energy Offshore Services blei børsnotert i april i år, som ein del av refinansieringa av selskapet der obligasjonlån blei gjort om til aksjar.

Det er eit selskap i Golden Energy Offshore Management-systemet, som har hovedkontor i Ålesund.

Managementselskapet skal stå for drifta av dei to skipa, slik selskapet står for dei to skipa Golden Energy Offshore Services eig i dag, Energy Swan og Energy Scout.

Energy Scout er utleid til Total E&P Nigeria for ytterligere tre måneder, til oktober 2016, i følgje børsmeldinga.

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.079