23948sdkhjf
Logg inn eller opprett for å lagre artikler
Få tilgang til alt innhold på Metal Supply
Ingen binding eller kortopplysninger kreves
Gjelder kun personlig abonnement.
Kontakt oss for en bedriftsløsning.

Norsk Industri møtte NAV Rogaland

Norsk Industri og NAV underteikna før i år ein intensjonsavtale med NAV. Målet med avtalen er å få fleire over frå NAV og inn i industrien.

I Rogaland har industrien no stort behov for fleire folk – og det er eit godt utgangspunkt for å teste ut nye modellar for samarbeid mellom NAV og industri. Industribedriftene Worley Parsons, STS-gruppen, Kaefer og Aibel deltok i eit samarbeidsmøte med NAV, fylkeskommunen, Norsk Industri, NHO Rogaland og Opplæringskontoret for industrifag i Rogaland (OFIR).

Deling av suksesshistoriar er viktig, og STS Fagstillas (Agder) fortalte om si erfaring med samarbeid med NAV, der dei har lukkast med å få fleire titals personar over frå NAV og inn i industrien.

I møtet diskuterte vi ein modell der bedriftene kan ta i mot ei gruppe som får eit lønnstilskudd frå NAV, og muligheten for å få støtte til ein eigen mentor som kan ha oppfølging. Det vert arbeidd vidare med denne modellen i Rogaland, og ein vil kunne ta erfaringane vidare til andre fylker.

Kilde: Norsk Industri

BREAKING
{{ article.headline }}
0.109