23948sdkhjf

Sikrar verft-aktivitet ut neste år

Oma Baatbyggeri og Norled skal levere to 39 meter lange katamaranar for passasjertransport.
Båtane skal ha ein kapasitet for 296 passasjerar. Fartøya skal leverast i september og desember 2019. Båttypane er ei vidareutvikling av Oma-passasjerkatamaranane som verftet har levert mange av til ulike norske reiarlag, skriv Oma Baatbyggeri i ei pressemelding.

Båtane skal setjast i passasjertrafikk i Troms i ruta mellom Tromsø, Finnsnes og Harstad.

Det er lagt stor vekt på komfort, kvalitet og universell utforming i fartøya, skriv dagleg leiar Gustav Oma.

– Desse kontraktane, saman med våre bnr 539 som skal leverast i august/september – og bnr 540 som skal leverast i juni 2019, sikrar fullt arbeid ved verftet ut heile 2019, seier han.

I mai blei det klart at Norled vann den store anbodskontrakten for hurtigbåtsambandet mellom Harstad og Tromsø frå 2020 til 2030. Med dette forsterkar Norled posisjonen som det klart største hurtigbåtselskapet i Norge, står det i meldinga.

Samtidig er Norled no verdas femte største hurtigbåtoperatør, og den aktøren som driv mykje av teknologiutviklinga i bransjen. Selskapet er også leiande innanfor fjordturisme og ser eit stort potensiale for ytterlegare utvikling av turismesektoren i Nord-Norge, skriv selskapet.

– Ambisjonen vår er å vera en pådrivar for ny og miljøvennleg teknologi, seier viseadministrerende direktør Lars Jacob Engelsen i pressemeldinga.

Samarbeidet innanfor det maritime teknologiclusteret i Norge er heilt spesielt, og liknar på mange måter på dei nettverkene ein finn i Silicon Valley, med høg tillit og høg fleksibilitet på same tid, meiner han.

– Me har jobba tett med Oma Baatbyggeri i mange år, og veit at dei byggjer fartøy som er sikre og gir gode reiseopplevingar.

– Turisme er ein bransje som har potensiale til å bidra til sysselsetjing i distrikta når oljeaktiviteten fell. Som transportør spelar me ein nøkkelrolle i det å utvikla nye og attraktive produkt. Føresetnaden for dette er gode fartøy, og det er me trygge på at Oma leverer, seier Engelsen.
Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.745