Dette oppdraget gjeld legging av dei ni høgspentkablane i fagverket til dagens Sotrabru, mellom Knarrevik på Sotra og Drotningsvik i Bergen kommune, meldar Statens vegvesen.
Trafikkregulering
Oppdraget omfattar sandblåsing og maling av delar av fagverket. Det skal og byggast og monterast kabelkanalar og berebjelker under brua.
AnnonseEventuell stenging av delar av rv. 555 Sotrabrua vil skje om natta, mellom kl. 22.00 og 05.30.
Sprenging i gang
AnnonseFrå før har Bertelsen & Garpestad AS, Egersund og Metrostav frå Tsjekkia fått oppdraget med å bygge kabeltunnelar på båe sider av fjorden, til ein kontraktsum på 276 mill. kr. Her har ein så vidt kome i gang med gravearbeid ved tunnelpåhogget i Knarrevik.
AnnonseDet same gjeld graving og sprenging av tunnelpåhogget i Breivik i Bergen.
Annonse Annonse